Arbeidsleiar kledde av seg.

Redaksjonen 8:20 pm

Ikkje alle visste kvar dei skulle sjå, då arbeidsleiarar brått kledde av seg etter lunsj.

Det var under ein heilt vanleg arbeidsøkt etter lunsjtider laurdag, at arbeidsleiaren ved bruket på Mjørneset sto og gav instruksar i kun baris. Det vart full forvirring blant dei oppmøtte i arbeidsmengden.

Den lettkledde leiaren lot til å late som ingenting, sjølv om den nakne overkroppen tok mykje av merksemda blant dei som skulle jobbe.

– Eg fekk faktisk ikkje med meg kva eg skulle gjere, seier ein av dei som var reist heile vegen frå hovudstaden for å arbeide.

–Kvifor trur du han kledde av seg?

– Det kan ha vore fordi det kom sol, seier den tilsette dugnadsarbeidaren.

Ei anonym kjelde kan bekrefte til Mjørnes24 at nemnte arbeidsleiar er svært solhungrig og ofte nyttar kvar ein anledning til å auke den brune hudpaletten.

Mjørneset24 har framlagt påstandane for arbeidsleiaren. Han kommentera følgande:

– Å sole seg for å bli brun ligger i familien, så jeg fører bare genene videre.

– Kva tenkjer du på omkring korleis det påverkar dei som arbeider her?

– Første tanken, er vel at jeg håper å inspirere andre til også å bli brune, så det er bare å kle av seg, så lenge det ikke går utover arbeidsinnsatsen!