Vert det snøret i bånn på nyforelska par?.

Redaksjonen 2:29 pm

Mjørneset har også maritime kvalitetar, noko eit av dei tilreisande kjærastepara har oppdaga.

Med nyinnkjøpte fiskeslukar frå ein lokal sportsforretning, har paret teke den 5 kvadrameterstore brygga i bruk til intim fisking.

Napp vert det nok på den eine eller andre måten, men det resterande arbeidsfolket håpar mest på at det vert noko fiskekjøt som kjem alle til gode.

Kven av dei to som er best på kasting, dupping og haling i land, vitast ikkje.

Men ein av dei to, skal ha nemnt på eit tidlegare tidspunkt at «ho var eit bra fiskeemne».

Foreløpig kan det derimot sjå ut som at det er lite fiskelykke for begge - men kanskje det er som ingen sa; uhell i fiske, hell i kjærleik!